Crashville

Bygdemusikk frå Ørsta på Sunnmøre!

Det heile starta på ein flåtefest på vatnevatnet ein varm sommardag i 2007, med gitarspel og allsong.

Det gjekk ikkje lange stunda før bandet hadde fått navnet Crashville, og første spelejobben var eit faktum. 

Bandet blei fort ein suksess med fulle turnèlister og høg allsongfaktor på konsertane.

Musikken er fengande bygdefestlåtar om livet på bygda, og virkar å treffe både unge og godt vaksne i bygd og by.

I sommar slapp bandet singelen «PØBEL», med påfølgande musikkvideo filma på det legendariske Esso-taket i Ørsta, rånarane sitt mekka.

Låta og musikkvideoen fekk massiv oppmerksomheit blant alle som lika bygdemusikk, og rånerane trykte songen til sitt hjerte. 

Når Crashville er ute på veien, er det «Pøblar på tur». 

 

Bandet består av:
Emil Skaare Sætre: Vokal/Gitar
Øystein Nybø: Trommer/Låtskriver
Magne Saure: Trekkspel/Piano/Kor
Sigurd Kårstad Fylling: El-Gitar
Glenn Charles Huldal: Bass/Kor